— bli med på miljølaget!
Reis klimavennlig, kom i form og vinn premier!

Vilkår for bruk og personvern

Publisert 25.08.2020

Ved å akseptere våre brukarvilkår stadfester kunden samstundes at han/ho/hen har fylt 18 år. Kunden stadfestar vidare at det er greitt at vi sender ut SMS, Push- og e-postvarsel om relevant informasjon om tenesta og appen «Eg reiser grønt».

«Eg reiser grønt» er lansert i regi av Midt-Telemark kommune sitt prosjekt Bygdepakke Midt-Telemark. Alle konkurransar knyta til «Eg reiser grønt» er eksklusivt i regi av Bygdepakke Midt-Telemark, og er støtta av Miljødirektoratet si ordning Klimasats.

Vilkår om bruk av «Eg reiser grønt» gjeld kun mellom brukarane og Midt-Telemark kommune, ikkje Apple Inc. Apple Inc. er ikke ansvarlig for «Eg reiser grønt» -appen og innhaldet i denne.

Oppseiing
Kunden kan når som helst stoppe nyhetsbrev og meldingar ved å vende seg til siflo@mt.kommune.no. Husk å sende med mobilnummer eller e-postadressa du registrerte deg med. 


Vårt ansvar
Vårt ansvar er å levere tenestene kundane nyttar utan avbrot. Dersom det oppstår situasjonar vi ikkje kan kontrollere, opp høyrer vårt ansvar. Eksemplar på slike situasjonar er hardwarefeil, krig, streik, eksplosjonar, brann osb.

Vi handsamar all kundeinformasjon konfidensielt og deler inge opplysingar om våre kundar med utanforståande. Det einaste unntaket er dersom politi eller liknande rettsleg kan krevje utlevering av opplysingar med lova i handa.

Bygdepakke Midt-Telemark vil gjere sitt beste for å løyse utfordringar med å logge inn eller bruk av appen. Ta kontakt med oss ved eventuelle problem.

Kundens ansvar
Kunden plikter å ikkje dele sin informasjon til å logge inn med utanforståande. Dersom kunden deler desse opplysningane med ein tredjepart er det kunden som sjølv har ansvar for kva denne personen gjer med kunden sin tilgang. 


Utsending av informasjon
Bygdepakke Midt-Telemark vil frå tid til annan sende ut informasjon til kundar i form av e-post, sms og push meldingar.

E-post kan bli sendt opp til 12 gongar i året. SMS og push vil komme når ny informasjon og/eller nye tilbod er tilgjengeleg, og i snitt 1 gong per månad, samt når kunde har fått ein premie.

Spørjeundersøkingar vil bli sendt ut, og du kan sjølv velje om du ønsker å svare på desse. Personopplysingar knyta til spørjeundersøkingane vil ikkje bli delt med andre. Informasjon (utanom personopplysingar) henta ut av appen, samt opplysningar gitt i spørjeundersøkingar vil bli nytta til rapportering til Klimasats og til analyse og evaluering av tenesta Eg reiser grønt.

Kundar kan få tilsendt informasjon frå andre kommunale einingar, men sjølve utsendinga vil bli gjort av administrasjonen i Bygdepakke Midt-Telemark, og din kontaktinformasjon vil ikkje kome på avvegar.